Stranda kulturminnelag - vedtekter

 Stranda kulturminnelag - vedtekter

Stiftingsdato 21. april 2025

Registrering i Einingsregisteret, Brønnøysund

Organisasjonsnummer: 935 665 035
Styre (6 medlemer):
Kjell Harald Nedreaas (leiar)
Turid Helen Bergsagel Hølleland
Edvard Askeland
Rune Veland
Aksel Toft
Jan Magnar Kvammen
Verksemd/bransje: Kulturhistoriske aktivitetar

e-post adresse: stranda.kulturminnelag@gmail.com

Vedtekter (til å byrje med)

Stranda Kulturminnelag vil vekkje og styrkje den historiske og kulturhistoriske merksemda i bygda, og ta vare på og utvikle den kulturarv som tidlegare slekter har etterlate seg. 

Dette gjeld særleg bygningar som representerer god gamal byggeskikk, gamle bruksgjenstandar og fornminne av ein kvar art. 

Laget vil verne om historiske gravminne og minnesmerke, så desse ikkje vert øydelagde eller forfell. 

Kulturminnelaget vil først fokusere på Øvreås kyrkjegard med kapell og omland som eit kulturminne og parkanlegg i bygda og kommunen. 

Formålet skal oppnåast gjennom følgjande aktivitetar:

Diverse kulturarrangement
Eit formelt Lag for lettare å skape felles dugnadsinteresse
Søkje diverse offentlege kulturfond for støtte til konkrete prosjekt
Alle personar med interesse og tilknyting til Stranda-bygda er velkomne som medlemer.
Medlemskontingent kr 100 per år.
Vi vil gjere klart for medlemskap f.o.m 1.1.2026

Saker høsten 2025

Brev sendt Soknerådet 14.8.25 der vi ber soknerådet om hjelp til å få utsett fjerning av gravminne slik at Stranda kulturminnelag får tid til å kartleggje, avklare situasjonen og undersøkje moglegheitene innan kulturvern. Vi ser for oss at dette arbeidet vil ha ei tidsramme på tre til fire år.
Vedtak i Soknerådet 9.9.25: «Soknerådet støtter tanken om å gjere Øvreås kyrkjegard til eit kulturminnesmerke, og ber fellesrådet la gravminna på Øvreås gravplass i Alver vere i fred inntil situasjonen kring kulturminne er avklåra. Andre spørsmål i saka overlet soknerådet til fellesrådet».

Høyringsutale
Rullering av Anleggsstrategi og Handlingsprogram «Kultur som drivkraft» (2025–2028) - Forslag Til nye tiltak under «Styrka arbeidet for kulturarva»
Registrering og dokumentasjon av eldre gravminne i Alver kommune

Stranda Kulturminnelag vart tatt opp som medlemslag i Alver Kulturråd 20.8.25, saman med 58 andre lag og organisasjonar.

07.10.2025 vert saka frå Osterfjorden sokn tatt opp i Alver Kyrkjelege fellesråd.

Me arbeider for å laga ei lita informasjonshefte om Kyrkjegarden. 

Og a laga ei nettsida for Stranda kulturminnelag.

Innmelding av kulturminner i kommunens kulturmiljøplan

  • Øvreås kyrkjegard inkl. naustmiljø med kyrkjebåt
  • Fallosstein på Toft
  • Skålgroper på Toft
  • Steinløene
  • Bakkemurane
  • Jordkjellarar på Stranda (ca 20 kjellarar)
  • Stabbesteinane
  • Den gamle bygdevegen - rester (bruer/oppbygging etc)
  • med meir…..(kom gjerne med forslag)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Medlemskap i Stranda Kulturminnelag

Godbiter for cello og piano - Aage Kvalbein og Reidun Askeland