Foto: Audun Hølleland Torsdag den 14.08.2025 sendte Stranda Kulturminnelag ein mail til Alver Kulturråd: Hei! Stranda Kulturminnelag viser til Alver Kulturråd si webside https://www.alverkulturrad.no/ og «Kultur som drivkraft - Kulturplan 2023-2035». Vi ønskjer å kome med innspel til handlingsprogrammet og anleggsstrategien innan fristen 22. august 2025. Vi kjem i vedlagt høyringsuttale med forslag til nytt tiltak under «Styrka arbeidet for kulturarva». Mange eldre kyrkjegardar og gravminne står i fare for å bli sletta på grunn av manglande festarar. Dermed forsvinn ikkje berre namn og personhistorie, men også viktige uttrykk for lokal kultur, estetikk og samfunnsutvikling. Vi håpar at Kulturrådet vil diskutere og ta saka opp på generelt grunnlag, gjerne også i Kommunestyret, for å sikre desse kyrkjegardane (som ein ikkje lenger vil bruke til kistegraver) kan bli bevarte og utvikla som kulturminne (slik dei framstår i dag) for framtida. Og er er teksten i Høyringsuttalen...