Kontingent for medlemskap er kr 100 pr år. Vi har ikkje familie- eller husstandsmedlemskap - kun personmedlemskap. Kulturminnelaget sin bankkonto er i DNB (Den Norske Bank) 1520 28 50569 Om du ynskjer å verta medlem nå så er VIPPS-QR koden her:
Stranda kulturminnelag - vedtekter Stiftingsdato 21. april 2025 Registrering i Einingsregisteret, Brønnøysund Organisasjonsnummer: 935 665 035 Styre (6 medlemer): Kjell Harald Nedreaas (leiar) Turid Helen Bergsagel Hølleland Edvard Askeland Rune Veland Aksel Toft Jan Magnar Kvammen Verksemd/bransje: Kulturhistoriske aktivitetar e-post adresse: stranda.kulturminnelag@gmail.com Vedtekter (til å byrje med) Stranda Kulturminnelag vil vekkje og styrkje den historiske og kulturhistoriske merksemda i bygda, og ta vare på og utvikle den kulturarv som tidlegare slekter har etterlate seg. Dette gjeld særleg bygningar som representerer god gamal byggeskikk, gamle bruksgjenstandar og fornminne av ein kvar art. Laget vil verne om historiske gravminne og minnesmerke, så desse ikkje vert øydelagde eller forfell. Kulturminnelaget vil først fokusere på Øvreås kyrkjegard med kapell og omland som eit kulturminne og parkanlegg i bygda og kommunen. Formålet skal oppnåast ...
Reidun Askeland og Åge Kvalbein - konsert i Ostereidet Kyrkje den 12.09.2026! Dei er to av Noregs mest erfarne og høgt respekterte klassiske musikarar. I kveld vender Reidun tilbake til staden ho ferierte som barn, saman med ein av landets fremste cellistar, for å dele eit program fylt med musikalske godbitar for cello og piano. Med Askelands varme klang og Kvalbeins djupe musikalske autoritet får publikum møte to utøvarar som har prega norsk musikkliv gjennom fleire tiår – og som framleis formidlar med same nærleik og overskot!
Kommentarer
Legg inn en kommentar