Innlegg

Konsert i Ostereidet kyrkje

Godbiter for cello og piano - Aage Kvalbein og Reidun Askeland

Bilde
Reidun Askeland og Åge Kvalbein - konsert i Ostereidet Kyrkje den 12.09.2026!  Dei er to av Noregs mest erfarne og høgt respekterte klassiske musikarar. I kveld vender Reidun tilbake til staden ho ferierte som barn, saman med ein av landets fremste cellistar, for å dele eit program fylt med musikalske godbitar for cello og piano. Med Askelands varme klang og Kvalbeins djupe musikalske autoritet får publikum møte to utøvarar som har prega norsk musikkliv gjennom fleire tiår – og som framleis formidlar med same nærleik og overskot!

Medlemskap i Stranda Kulturminnelag

Bilde
Kontingent for medlemskap er kr 100 pr år. Vi har ikkje  familie- eller husstandsmedlemskap - kun personmedlemskap. Kulturminnelaget  sin bankkonto er i DNB (Den Norske Bank)  1520 28 50569 Om du ynskjer å verta medlem nå så er VIPPS-QR koden her:

Høyringsuttale: Forslag nytt tiltak under «Styrka arbeidet for kulturarva»

Bilde
  Foto: Audun Hølleland Torsdag den 14.08.2025 sendte Stranda Kulturminnelag ein mail til Alver Kulturråd:  Hei! Stranda Kulturminnelag viser til Alver Kulturråd si webside https://www.alverkulturrad.no/ og «Kultur som drivkraft - Kulturplan 2023-2035». Vi ønskjer å kome med innspel til handlingsprogrammet og anleggsstrategien innan fristen 22. august 2025. Vi kjem i vedlagt høyringsuttale med forslag til nytt tiltak under «Styrka arbeidet for kulturarva». Mange eldre kyrkjegardar og gravminne står i fare for å bli sletta på grunn av manglande festarar. Dermed forsvinn ikkje berre namn og personhistorie, men også viktige uttrykk for lokal kultur, estetikk og samfunnsutvikling. Vi håpar at Kulturrådet vil diskutere og ta saka opp på generelt grunnlag, gjerne også i Kommunestyret, for å sikre desse kyrkjegardane (som ein ikkje lenger vil bruke til kistegraver) kan bli bevarte og utvikla som kulturminne (slik dei framstår i dag) for framtida. Og er er teksten i Høyringsuttalen...

17. mai ved Øvreås kapell

Bilde
 Til 17. mai 2026 var plassen nyslått og pynta, og det vart ei vakker morgonstund ved bautaen og i kapellet. Mange møtte fram, og flinke hender hadde laga deilige smørbrød og lefser – ei feiring i ekte bygdeånd. Alle foto: Kjell Harald Nedreaas

Øvreås kapell i nordlyset

Bilde
Stranda Kulturminnelag har fått lov til å bruke dette flotte biletet som Trond Fykse tok ein magisk januarkveld i 2026

Stranda kulturminnelag - vedtekter

  Stranda kulturminnelag - vedtekter Stiftingsdato 21. april 2025 Registrering i Einingsregisteret, Brønnøysund Organisasjonsnummer: 935 665 035 Styre (6 medlemer): Kjell Harald Nedreaas (leiar) Turid Helen Bergsagel Hølleland Edvard Askeland Rune Veland Aksel Toft Jan Magnar Kvammen Verksemd/bransje: Kulturhistoriske aktivitetar e-post adresse: stranda.kulturminnelag@gmail.com Vedtekter (til å byrje med) Stranda Kulturminnelag vil vekkje og styrkje den historiske og kulturhistoriske merksemda i bygda, og ta vare på og utvikle den kulturarv som tidlegare slekter har etterlate seg.  Dette gjeld særleg bygningar som representerer god gamal byggeskikk, gamle bruksgjenstandar og fornminne av ein kvar art.  Laget vil verne om historiske gravminne og minnesmerke, så desse ikkje vert øydelagde eller forfell.  Kulturminnelaget vil først fokusere på Øvreås kyrkjegard med kapell og omland som eit kulturminne og parkanlegg i bygda og kommunen.  Formålet skal oppnåast ...